Kyrkjestrategien lansert

Foto: Fredrik Eriksen, Riksantikvaren

I dag blir bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg lagt fram av regjeringa. Strategien viser korleis pengane frå Kyrkjebevaringsfondet skal nyttast, og kva kyrkjer som er omfatta av dei tre bevaringsprogramma i strategien. For byggenæringa kan dette bety fleire oppdrag i åra som kommer.

Regjeringa vil sikre at vi dei neste 20–30 åra skal bruke inntil 500 millionar kroner årleg på å sette i stand kyrkjebygg.

– Dagen i dag markerer starten på eit nasjonalt løft for å ta vare på kulturarven vår. Bevaringsstrategien er starten på ei historisk satsing og eit historisk samarbeid, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

– Kyrkjene er sentrale i alle norske lokalsamfunn, både som aktive kyrkjer, samlingsplassar, og kulturminne. Skal vi bevara denne kulturen, må vi sikre at kyrkjene ikkje forfell. Med denne strategien sikrar regjeringa at arbeidet med istand­setjinga av desse historiske bygga no blir sett i gang, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Midlane kjem som utbytte frå Opplysningsvesenets fond og tilleggsløyvingar over statsbudsjettet. Verdien av den samla statlege forpliktinga er tidlegare estimert til å vere i størrelses-orden 10 milliardar kroner. Deretter vil utbytte frå Opplysningsvesenets fond gå til same formålet, gjennom det vi har kalla eit generasjonsfond.

–  Byggenæringa, landets største distriktsnæring, står klar for oppdrag og ser frem til å få være med på å løfte tilstanden til de flotte kyrkjene vi finner rundt om i hele Norge, uttaler Nina Solli, administrerande direktør i NHO Byggenæringen

Byggenæringa er viktig for det omfattande bevaringsprogrammet som gjer at verdifulle kyrkjebygg nå blir sett i stand. Som landets største distriktsnæring skal næringen bidra og samarbeide bredt for at det også blir et løft for kompetanse og seriøsitet. NHO Byggenæringen og Hovudorganisasjonen inngjekk i fjor haust en samarbeidsavtalen for å sikre istandsetting av kyrkjer rifter over hele landet.

Ein viktig kulturarv

I tillegg til å vere ein grunnleggjande del av truslivet og den landsomfattande folkekyrkja, er kyrkjene ein viktig del av den norske kulturarven.

– Kyrkjene fortel om opptil 1000 års kulturhistorie og viser noko av det ypparste Noreg har produsert innan arkitektur, kunst og handverk. Kyrkjebygga, og gravplassane rundt, er viktige kjelder til både kunnskap og opplevingar. Dei fortel mellom anna om korleis det religiøse livet har vore levd, og dei fortel om arkitekturhistorie, handverkstradisjonar og materialbruk opp gjennom tidene, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Kyrkjene har òg hatt ei viktig administrativ rolle for statsapparatet, og er slik sett også ei kjelde til norsk politisk historie.

– Kyrkjene er en svært viktig del av vår felles kulturarv. Over hele landet har vi verdifulle kyrker som lenge har hatt et stort behov for å settast i stand. Eit omfattande bevaringsprogram vil ikkje berre løfte tilstanden til kyrkjebygga men også kunne løfte handverksfaga. Vi ser frem til å være brubyggar mellom byggenæringa og kulturminnevernet i dette arbeidet, seier Nina E. Eidem leder av Bygg og Bevar.

Omfattar alle freda og listeførte kyrkjer

Bevaringsstrategien er utarbeida av Barne- og familiedepartementet i samarbeid med Klima- og miljødepartementet sidan den både er en oppfølging av kyrkjefeltet og av kulturmiljøpolitikken. Den omfattar det som kallast kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Det betyr alle freda og listeførte kyrkjer i landet, uavhengig av eigarskap. Unntaket er kyrkjer staten eig eller fullfinansierer, då desse har ein annan statleg finansiering. Totalt dreier det seg om i underkant av 1000 kyrkjer.

– I ramma av strategien etablerer vi tre bevaringsprogram: Eitt mellomalderkyrkjeprogram, eitt for kyrkjer som er oppført i perioden 1537 til 1850, og eitt for kyrkjer oppført etter 1850. Dette vil gjere det mogleg å innrette innsatsen i tråd med dei ulike behova frå dei forskjellige periodane, seier Toppe.

Det kan dreie seg både om istandsetjing av sjølve kyrkjebygget og av interiøret i kyrkja, og  det kan gjelde ulike sikringstiltak som til dømes klimasikring og utbetring av elektriske anlegg. I tillegg skal det satsast på kunnskap og kompetanse, oppleving og formidling, samt engasjement og deltaking. Kva for tiltak som bør gjennomførast og kva for kyrkjer som skal prioriterast er noko styret og programsekretariatet skal vurdere gjennom oppdraget.

– Byggenæringen skal løyse oppdraga med istandsetting kyrkjene med seriøse bedrifter med god fagleg kompetanse. Vi har allereie tatt initiativ til og vil fortsette å samarbeide om kompetansetiltak, for å sikre at kyrkjebyggane blir restaurert slik at verdiane blir ivaretatt, seier Kjetil Tvedt, direktør for seriøsitet og kompetanse i NHO Byggenæringen.

Kjetil Tvedt, Direktør for kompetanse og Seriøsitet i NHO Byggenæringen holdt innlegg på vegne av Byggenæringen. Foto: Nina Eidem. 

Tilskotsordninga som midla skal lysast ut under, vil no bli sendt på høyring. Etter høyringa, vil hovudelementa i tilskotsordninga bli lagt fram for Stortinget i samband med revidert nasjonalbudsjett. Under føresetnad av at Stortinget sluttar seg til hovudelementa, kan tilskotsordninga tre i kraft frå sommaren 2024 og midlar lysast ut.

Samarbeid mellom kyrkjelege og kulturmiljøfaglege miljø

Organiseringa av Kyrkjebevaringsfondet byggjer på ein samarbeidsmodell, kor ein skal nytte eksisterande kompetanse og system.

Barne- og familiedepartementet vil vere programeigar. Programstyret og programsekretariatet som blir oppretta for å følgje opp bevaringsstrategien, vil vere sett saman av ressursar frå både Riksantikvaren og Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet og Hovudorganisasjonen KA. Sekretariatsleiinga vil vere hos Riksantikvaren. Det vil sikre både kyrkjeleg og antikvarisk kompetanse i arbeidet.

– Eg er glad for at Riksantikvaren vil få ei sentral rolle i oppfølginga av bevaringsstrategien fordi Riksantikvaren har kulturmiljøkompetanse, som er relevant og viktig i bevaringsstrategiarbeidet, seier Bjelland Eriksen.

Det formelle forvaltningsansvaret vil liggje til Riksantikvaren, som eit statleg forvaltningsorgan. Programsekretariatet skal vere i Trondheim og vil bli lokalisert i Waisenhuset som ligg vis-à-vis Vestfrontplassen ved Nidarosdomen.

I tillegg skal det etablerast eit nasjonalt fagråd, som skal bidra med faglege råd og sikre breidda i interesserepresentasjonen, medverknad frå brukarane og fagkompetanse inn i arbeidet.

Kjetil Tvedt, Direktør for kompetanse og Seriøsitet i NHO Byggenæringen sammen med Barne- og familieminister Kjersti Toppe, statssekretær i KLD Ragnhild Sjoner Syrstad og finansminister Trygve Slagsvold Vedum i Trondheim. Foto: Nina Eidem.