Bransjetreff Drammen: Førebygging av muskel- og skjelettplager i bygg- og anlegg

Andre artikler, HMS

Publisert

Foto: BNL

Arbeidstilsynet inviterer til bransjetreff for bygg- og anleggsbransjen i Drammen tirsdag 29. november, kl. 08.30–11.30. Arrangementet føregår på Scandic Ambassadeur ved Strømsø Torg.

Bygg- og anleggsbransjen er overrepresentert blant næringar med høgsjukefråvær som kan skuldast muskel- og skjelettplager. Må det vere slik – eller er det noko du og verksemda di kan gjere for å førebygge? 

For mer informasjon og påmelding kan du trykke her.

 

På bransjetreffet

  • vil du få informasjon om kva muskel- og skjelettplager er, og korleis det påverkar arbeidstakarane 
  • vil bransjeprogrammet for bygg og anlegg dele erfaringane dei har med førebyggande arbeid 
  • skal Lefdal Installasjon AS og Hæhre Entreprenør AS fortelje korleis dei har jobba for å redusere sjukefråværet 
  • gir vi deg konkrete verktøy for å starte eit godt førebyggande arbeid i verksemda di
  • får du høyre meir om funna etter tilsyna vi har hatt på temaet muskel- og skjelettplager i 2022 

Det er gratis å delta på bransjetreffet. 

Velkommen!