Kvifor vere medlem av BNL Håndverk?

Nyhet, Organisasjon

Publisert

BNL Håndverk – ei trygg hamn for deg og di bedrift! Her er informasjon om NHO og BNL, og om det tilbodet BNL ønskjer å gi bygg- og malarmeistrar som framleis vil vere med i eit større, fagleg fellesskap.

Det er viktig for oss å informere om dette, då vi er heilt sikre på at byggmeistrane vil stå langt sterkare i kampen for så vel betre rammevilkår, politisk gjennomslag, tilgang på kvalifisert arbeidskraft, og møte med klimautfordringane i åra som kjem, når dei høyrer til større og sterkare organisasjonar som kan faget, og kan vise til politiske gjennomslag. 

Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) er den største fellesskapen av bedrifter i Norge, og er den leiande organisasjonen for arbeidsgjevarar. NHO, med sine meir enn 30 000 medlemsbedrifter og over 600 000 årsverk, representerer difor eit stort mangfald av jobbskaparar i heile landet, og sit med kompetanse innan alle områder som har relevans for medlemmene. NHO består av 17, snart 18, landsforeiningar og 10 regionkontor i heile landet. NHO representerer i hovudsak dei minste bedriftene i næringslivet; 92% av alle medlemmane våre har færre enn 50 tilsette, og 62% har færre enn 10 tilsette.   

BNL er ein av NHO sine landsforeiningar, og den største interesseorganisasjonen for bedrifter og arbeidsgjevarar i byggenæringa i Norge. BNL organiserer heile verdikjeda i byggenæringa, og består av 14 bransjeforeiningar innan eigedom, industri, handverk og entreprenørar. BNL har høg fagleg kompetanse som kjem medlemmene i bransjeforeiningane til gode. 

For å styrke satsinga på byggfaga, har BNL etablert medlemstilbodet BNL Håndverk. Dette er eit medlemsproduktet for profesjonelle byggefirma og handverkarar. Formålet er å sikre medlemmane gode og forutsigbare rammevilkår, styrke den økonomiske berekrafta og løyse medlemmane sine daglege utfordringar gjennom å yte god service og oppfølging. 

BNL Håndverk har si eiga nettside som på ein oversiktleg måte viser kva vi tilbyr av medlemstenester. Lenka til nettsida finn du her, og den kan vere nyttig å studere. Her finn du også kontingentoversikta. 

Vi tilbyr standard tenesteportefølje til medlemmane, men i tillegg har vi utvida med tilbod om bistand innan: 

  • Kontraktsrett 
  • Kalkulasjon 
  • Teknisk bistand 

Det er også viktig å presisere at NHO/BNL: 

  • representerer stor politisk kapital som vi brukar til å jobbe fram viktige saker for medlemmane 
  • er part i tariffavtalene (BNL representerer Fellesovereinskomsten for byggfag) 
  • NHO og BNL sit i førarsetet innan yrkesfag; det er det berre hovudorganisasjonane som gjer (for eksempel skifter NHO og LO på leiar- og nestleiarvervet i Y-nemndene i dei fleste regionar i Norge, og står for utdeling av fag- og meisterbrev). Vi har også tett dialog med opplæringskontora. Dette er viktig for å sikre dimensjonering, rekruttering og kompetanse innan byggfaga. 

Vi ser at svært mange av handverksbedriftene ofte tar kontakt med dei gratis advokattenestene våre, ikkje minst dei advokatane som sit ute på NHOs regionskontor. Det synleggjer eit stort behov for juridisk assistanse, ikkje minst for dei minste verksemdene. At NHO og BNL tilbyr gratis juridisk bistand og rådgjeving når det trengs, og at advokatane våre i einskilde situasjonar kan komme ut på bedrifta, er det mange som set stor pris på. 

Dette var litt info som vi håpar var til nytte, og som gjerne illustrerer at BNL Håndverk kan vere noko også for deg og di bedrift. Kontakt meg gjerne ved spørsmål og/eller kommentarar. 

Med venleg helsing 

Jan Atle Stang 

Prosjektleiar for BNL Håndverk 

Tlf.: 905 76 419 

jas@nho.no